Scenekunst

Fugle-tribunalet

I Det Norske Teatret

2 Mai, kl 18:00

16 Mai, kl 17:30

20 Mai, kl 19:30

02/05/2015
18:00
16/05/2015
17:30
20/05/2015
19:30

Arrangør: detnorsketeatret.no

Spilles også: 15.4 kl 20, 16.4 kl 20.15, 17.4 kl 2015, 21.4 kl 20, 22.4 kl 2015, 23.4 2015, 28.4 kl 13, 29.4 kl 1930, 2.5 kl 18, 16.5 kl 1730 og 20.5 kl 1930.

Med Fugletribunalet vann Agnes Ravatn P2-lyttaranes romanpris i 2013 og fekk Ungdommens kritikarpris i 2014. Dette er ein psykologisk thriller om historikaren og tv-kjendisen Allis Hagtorn og hennar flukt frå ein pinleg kjærleiksskandale med påfølgjande offentleg skittentøyvask. Ein flukt, skal det vise seg, frå vondt til verre. I eit forsøk på å reinse seg sjølv frå skamma og begynne eit nytt liv, søker ho jobb som hushjelp i heimen til ein mann som bur for seg sjølv i eit gammalt hus langt unna sivilisasjonen. Men det enkle, reine livet i pakt med naturen viser seg å vere mykje meir komplisert enn ho hadde trudd, og ho viklar seg inn i eit farleg drama.

Agnes Ravatn debuterte i 2007 med romanen Veke 53. Ho er òg kjent for sine skarpe, underfundige og forbrukarvennlege essay i Dag og tid og Dagbladet. Fugletribunalet er den første boka av Ravatn som blir dramatisert for scenen. Eit sterkt kunstnarleg lag med Marie Blokhus i hovudrolla, regi av Marit Moum Aune og scenografi av Milja Salovaara, borgar for at dette bør bli ei spennande og vakker framsyning.

Forfatterkonseptet 7 – 7:

Forfatteren Agnes Ravatn deltok i forfatterkonseptet 7 – 7 i 2014 hvor hun opplevde høymessen i Oslo Domkirke på 6. søndag i påsketiden. Her link til tekstheftet 7-7 hvor Ravatns tekst Forsoning inngår:  http://tinyurl.com/ofsoaod