Litteratur

Skredfare

I Boken

1 April

01/04/2015
00:00

Forslag til boklesning i godstolen din: Skredfare

Av Maria Tryti Vennerød

2015.cappelendamm.no

Forlaget om boka:

I boka Skredfare gir Vennerød oss både ei diktsamling og ei springande, men samanhengande forteljing. Det byrjar med eit nyttårsselskap der vertinna er i krise. Både verda og ekteskapet hennar synest å vera i oppløysing. Ho vil så gjerne engasjera seg, men ser tomheita i sitt eige engasjement. Mykje tyder på at dette blir siste nyttårskvelden som gift.

Skredfare tar oss gjennom året 2013. Det vakne lesaren vil sjå at nyheitsbiletet blir kommentert på poetisk vis, med stadige lenkar til eg-personens personlege problemstillingar.

Tekstane i Skredfare er eit utval frå scene-, tekst- og bloggprosjektet Fem årstider, som hadde premiere på Det Norske Teatret i 2013.

Forlaget om forfatteren:

Maria Tryti Vennerød (1978) debuterte med stykket Meir i 2002 og har sidan vunne ein norsk-svensk dramatikarkonkurranse i 2003 (Frank), Ibsenprisen i 2005 (Dama i Luka), to prisar i konkurransen Hundre og Nå i 2006 (Neverland og Testen) og blitt nominert til Heddaprisen i 2012 (Ikkje direkte råka).  Stykka hennar har blitt framførte m.a. på Det Norske Teatret i Oslo, på Schaubühne i Berlin, På Theatre for the New City i New York, på Nationaltheatret i Budapest og hausten 2014 blir stykket Nasjonal Prøve lese på La Colinne i Paris. I 2016 er ho bidragsytar til Det Norske Teatret sin storproduksjon om andre verdskrigen, saman med verdskjende dramatikarar som David Greig og Lukas Bärfuss.

Maria Tryti Vennerød deltar sammen med 11 forfatterkolleger i Gamle Aker 12 – 12:

Forfatterne urfremfører tekster om situasjonen, stedet og historiske hendelser fra kirkens 900-årige historie: Gine Cornelia Pedersen, Maria Kjos Fonn, Eivind Larssen, Fredrik Høyer, Anna Kleiva, Maria Tryti Vennerød, Dan Aleksander Andersen, Nils-Øivind Haagensen, Kristine Næss, Tone Hødnebø, Bertrand Besigye og Ole Robert Sunde; 2015.paskeogpasjon.no/1766

Her link til tekstheftet 12 - 12 Gamle Aker fra 2014 hvor fjorårets tolv tekster inngår:  http://tinyurl.com/od9pgxj